mandag 25. februar 2008

Krokusbonanza

Nokon som har eigd denne hagen tidlegare må ha vore glad i krokus, for dei dukkar opp overalt. Ikkje meg i mot! I solveggen er det nummeret før dei opnar seg til og med, hvis me berre hadde fått litt sol no...

onsdag 20. februar 2008

Planlegging

Me skal ha høns i hagen. Tre-fire høner til å ta seg av matavfall og legge egg. Me må ha ein rase som er stor og rolig, slik at dei ikkje flaksar over til naboen men held seg der dei skal. Eg har lenge vore glad i Orpington, dei fins i mange fargar men gul er nok vanligst. Skikkelig tjukk og god høne! Elles er også Australorp fine, dei har jo ein del Orpington i seg. Tverrstripa Plymouth Rock er også eit alternativ, det same er Wyandotte. Aller helst vil eg jo ei av kvar, slik at det blir ein fargerik liten flokk... Men så spørs det vel kva som er mulig å få tak i i området, då.

Hønsegarden skal setjast opp nederst i hagen, omtrent der eg har teikna inn den raude firkanten på bildet (tatt frå vinduet i andre etasje!). Der vil dei ha hovudbasen sin, så kan me sleppe dei laus litt her og der etterkvart som det passar. Der hønsegarden er tenkt, er det faktisk litt flatt. Det er det ikkje mange plassar i Blåbærhagen! Difor må me bygge opp ein liten terrasse for å dyrke grønnsaker. Det har eg tenkt me skulle ha rett ovanfor hønsene, i den grøne ramma på bildet. Akkurat der begynner det å skrå oppover, så eg har planlagt at me skal setje ned halvmeterhøge staurar i nedre kant og på sidene, og lage eit lavt flettverksgjerde av alle smålønnane me skal sage ned. Me har spart papp og avispapir til å legge oppå torva for å stagge ugras, akkurat her er det bringebærriset som er verst. Så fyller me kvist og kvast nedi, kompost oppå og så jord på toppen. Då får me flata ut eit par kvadratmeter i eit opphøyd bed/terrasse som kan bli ein liten kjøkkenhage! Der skal det bli bønnewigwam, squash, salat, månedsjordbær og meir til. Eg har jo parsellhagen min i eit år til, men det er så mykje lettare å dyrke maten rett utanfor stovedøra!

mandag 18. februar 2008

Peonsådd

Ingen kan seie at eg ikkje har langtidsperspektiv på hagen, eg har nemlig sådd peoner... Bestilte frø frå Phedar som spesialiserar seg på Paeonia og Helleborus. Eit peonfrø krever temperaturskifter som tilsvarar årstidene, og må dermed stratifiserast (kuldebehandlast). Det sender ut rot den første vinteren etter såing, og blad etter den andre om du er heldig. Min plan er å lure frøa slik at me hoppar over eit år. Dei er sådde i fuktig kvitmose, lagt i ziplockposar og plassert på badet i sommarleg temperatur. Etter seks veker skal dei inn i kjøleskapet for vintertid. Der blir dei i seks veker til, det burde vere nok til å trigge rota. Så kan dei få komme ut i friluft i god tru på at dei er i sin andre sesong! Eg har sådd dillpeon, Paeonia tenuifolia, og kinesiske trepeonar, Gansu Mudan. Eg bestilte også ein del helleborusfrø frå same stad, dei får same behandling. Så er det berre å vente eit år eller to på resultata, og kanskje fem år på blomstring...

torsdag 14. februar 2008

Fleire gjester i hagen

Blei tvungen opp av senga i dag tidlig av ein spillvåken unge, klokka var rett nok halv ni men etter å ha vakna omtrent annakvar time heile natta på grunn av nemnde unges fjerde tannframbrot var det så altfor tidleg... Sto søvndrukken på kjøkenet og kikka ut glaset, og då skimta eg noko mellom buskane, noko mørkt som for rasande fort forbi oppå den vesle skogssletta bakom huset. Høh, tenkte eg, det der var vel for stort til å vere den vanlege svarttrosten? Ganske riktig, når eg gjorde mitt beste for å fokusere med smale, smale auge såg eg hovudet og ryggen på ein hjort som trava forbi. Og vips, så for det ein til i motsett retning. Anar ikkje kva dei dreiv på med som krevde slik vilter galopp, men eg vakna i alle fall skikkelig til. Seinare då eg endelig kom meg ut i sola (strålande sådan) var det berre spor i rimfrosten igjen etter dei.

Det er ikkje første gongen me ser hjort her oppe i skogkanten, denne karen på bildet var innom hagen fleire gonger i vinter, på jakt etter noko å ete, tenker eg. Får håpe han har vett til å halde seg vekke når eg har begynt å få skikk på hagen, eg må seie eg er lite lysten på å fø opp hjortebestanden i området. Eg satsar på at det er eit vinterfenomen, og at dyra trekk opp i høgda når det livnar i lundar og lauvast i li.

onsdag 13. februar 2008

Ein grønnkledd og ein raudkledd

Ny fugl i hagen i dag; grønnfink har eg ikkje sett her før, staseleg type! Elles har me massevis av blåmeis og kjøttmeis, ein god del svarttrost, granmeis, spettmeis, skjor og kråke. Gjerdesmett har eg sett eit par gonger. Har også hatt besøk av tre ringduer, vakre fuglar! Kattugla ser me ikkje, men høyrer ho godt om kvelden og natta. Og best av alt, me har vår eigen raudstrupe. Har vore litt bekymra sidan eg ikkje har sett han på eit par dagar, men i dag er han tilbake! Håpar han finn seg ein make til våren...

I går såg eg ei rotte, eller var det kanskje ei mus? Ho stakk hovudet ut av eit hol i ein mur, og eg blei ikkje særlig imponert. Særlig sidan det var akkurat der me har tenkt å lage hønsegarde. Så no må me finne ut kva me skal gjere med den saken. Eg håpar at villdyret skal vakne i pusen som endelig har fått komme ut i det fri etter tre år som innekatt, då blir det ikkje lett å vere rotte her i gården. Det lovar godt så langt, katta likar seg ute på nattestid og har slåst med alle andre pusar i nabolaget skal ein dømme etter vrålinga me høyrer heilt inn i stova. Då må ho vel klare ei skarve rotte også?

tirsdag 12. februar 2008

Machokrokus

I dag fann eg denne vesle skjønningen innimellom vissent gras, avskalla malingsflak frå grunnmuren og løpsk krypmispel. Ein stram kar som vitnar om lune forhold i det overgrodde bedet inntil huset på sørsida. Kvifor har det seg egentlig at eg ser på krokus som maskuline? Eg gjør altså det, dei er som små soldatar i fronten der vår møter vinter. Og jaggu vinn dei kvar gong.

mandag 11. februar 2008

Rydding i solbærkrattet

Bak huset vårt er det berre villmark i mange, mange mil. Det er regulert til friområde, me kan altså vere trygge på at ikkje det blir satt i gang masseutbygging midt i glaninga. Ein eller annan av huset sine tidlegare eigarar har derimot tatt seg til rette og annektert ein teig rett utanfor tomtegrensa vår til solbærplantasje. Men dette må altså ha vore mange år sidan, for når me overtok var det eit regelrett solbærvillniss. Det var umulig å seie kvar grensa mellom buskane gjekk, langt mindre bevege seg mellom dei. Og til alt overmål veks den invasive Fallopia japonica, parkslirekne, mellom buskane. Jaja.

I dag var det strålande solskinn, og eg og mannen i huset ville ut og jobbe i hagen for første gang. Me greip til sekatøren, steig i gummistøvlane og skreid til verks i solbærfeltet. Etter to timars arbeid var det nokonlunde rydda, og ti solbærbuskar og to stikkelsbærbuskar åpenbarte seg. Her skal det bli saft og gele til sommaren! Slik såg det ut før og etter:

lørdag 9. februar 2008

Riktig reiskap må til!

Eg har bestemt meg først som sist for ikkje å snu på krona (for mykje...) når det gjeld utstyr til hagen. Eg vil heller investere i ting som eg kan bruke i mange, mange år. Og når ein først skal bruke litt pengar kan ein jo skaffe ting som ein synest er vakre også, ikkje sant? I dag har eg fått dei første reiskapane eg har kjøpt til Blåbærhagen, bestilt herfrå og veldig kjapt levert. Det er ein spade og eit greip frå den engelske produsenten Joseph Bentley, eg fekk også sirkelhakke og planteskjei frå Burgon & Ball. Mannen i huset måtte le av meg då eg hadde pakka opp, det er sjelden han ser meg så oppspilt, sa han... Eg gler meg som ein unge til å ta alt i bruk!

fredag 8. februar 2008

Bilder frå då me overtok hagen


På sida av huset


Fra uteplassen mot sør


Uteplassen


Det einaste bedet som var i rimelig bra forfatning


Bak huset, grensa mot naboen går ved uthuset





torsdag 7. februar 2008

Første innlegg i ny hageblogg!

Eg har tilbragt mange år i leiligheit i byen. I alle desse åra har også vore i vekslande grad lidenskapelig opptatt av planter. Dei siste tre åra har eg hatt hageparsell i Fløen parsellag, det har vore til god hjelp i å stagge lengta etter eigen hage. Men til slutt var det nok, og sidan me også trengte større plass innandørs begynte me å kikke etter ein ny plass å bu der det var rom for oss alle både inne og ute. Me trudde det ville ta lang tid, men allereie etter andre visninga me var på slo me til. Så i november 2007 blei eg endeleg hageeigar! Me har kjøpt halvparten av ein tomannsbolig frå 1952. Begge delane av huset var til sals, treng vel ikkje seie at me valte side ut frå hagen! Tomta er ikkje så stor, den skrår mot aust og i sommarhalvåret skal det vere sol her heile dagen. Delar av tomta er regelrette villniss av mellom anna spirea og parkslirekne. Huset vårt ligg øvst i ein bakke, og bak oss er det berre villmark med blandingsskog og fjell milevis innover. Så det er ein riktig så usjenert hage heilt i skogkanten.

I følge ein av naboande var dette i si tid den finaste hagen i området, det er det ikkje så lett å sjå no... Så langt har me berre sett hagen på vinterstid så me er litt usikre på korleis det vil bli. Men me ser fram mot ein spennande vår der me gradvis skal finne ut kva som bur i denne hagen, korleis me vil ha det og kva me skal gjere for å få det slik!