tirsdag 27. mai 2008

Nesten ny uteplass!

Me har ein ganske fin firkanta hellelagt platting heilt i grensa til naboen. På grunn av nivåforskjellar er den murt opp med stein og sand. Den har nok vore der ein del år, for muren på den eine kanten hadde rast ut litt så heile plattingen var på sig nedover. På den samme sida stikk det opp diverse slanger og rør i tilknyting til brønnen, ikkje særlig dekorativt.

Mannen i huset har reparert muren og plattingen, og me har laga eit halvsirkelforma bed langs denne sida av plattingen. Der har me planta roser og ein skjærsmin, med tanke på lange fine sommarkvelder der me kan sitte og snuse inn duften... Eg har prøvd å velge ut roser etter kriteria rmontering og god duft, men den aller første rosehandelen fann stad på Plantasjen og der var det eit heller kjedelig utval. Det er nok dei historiske rosene som står mitt hjerte nærmast, og dei fann eg i rikt monn på Fantoft Hagesenter. Fantastisk stad!

Rosene i bedet er :
Queen Elizabeth (rosa klaserose)
Pascali (kvit klaserose)
The Fairy (rosa bunndekker)
White Cover (kvit bunndekker)
Nadia Renaissance (mørk raud buskrose)
Ispahan (rosa damascenerrose)
Rose de Resht (raudrosa portland/damascener)

I tillegg har eg ei raud rose fått som rotskudd frå ei eldre dame eg kjenner. Ho kallar den berre 'Strilerose', så snart den blomstrar skal eg prøve å få identifisert den.

Her ser de før- og etterbilder, det gjenstår enno litt, som ein eller annan form for bedkanting, rydding i "plenen" rundt osv. Her kan de også sjå dei nye hagemøblane våre! Det er ikkje lett å vere etisk forbrukar og prøve å unngå regnskogtømmer, men til slutt fann me furumøbler som me likte. Uthuset på bildet er naboen sitt og det er ikkje i bruk, gjett om eg har lyst til å flikke på det og plante klatreroser og klematis som kan dekke det...




tirsdag 20. mai 2008

Villblomar i hagen

Nesten for kvar dag som går dukkar det opp nye ville blomar i Blåbærhagen. Eg blir like glad kvar gong eg finn noko nytt, senker skuldrane og tenker at joda, her er faktisk meir enn berre ugras. Eg drømmer om blomstereng så snart spireakrattet er rydda. Har allereie kjøpt frøblanding, men til mi store glede ser det altså ut til at her rikelig med artar frå før. Og dei som finst her naturleg trivst tydeligvis og er verdt å vidareføre. Eg fekk denne boka til bursdagen her forleden, fantastisk fin og veldig inspirerande. No skulle eg berre ønske eg hadde eit par mål ekstra i tillegg til det knapt halve me har...


Blåbær

Skogstjerne

Raud jonsokblom

Engfiol

Jonsokkoll

Jordnøtt

torsdag 15. mai 2008

Hønseflokken er i hus!

Trufaste lesarar vil huske at eg har skrive om at eg ønskar meg ein liten hønseflokk i Blåbærhagen. Det viste seg å vere vanskeleg å få tak i kyllingar av mange ulike slag, eg vil jo helst ha fire-fem forskjellige høner. Så eg tok skeia i eiga hand og gjekk til innkjøp av rugeegg i staden. Eg og søster mi gjekk i kompaniskap om ruginga, sidan ho bur på gard tok ho hand om prosessen. I pinsehelga reiste me nedover på besøk og kom heim att med seks små nøster! Det er Australorps, Isbar og Wyandotte, det kjem til å bli svarte, grå og brunspragla fuglar. Dessverre klekte ingen av Orpingtonegga, så det blir ingen store gule høner i denne omgang. No bur kyllingane i ei stor pappøskje i kjellaren, under varmepæra, og me stullar med dei så godt me kan. Neste post på programmet er bygging av hønsehus. Byggmesteren i huset har surfa på nettet etter idear og der er det mykje rart å finne, her for eksempel... Me satsar nok på ein litt enklare variant enn enkelte av dei palassa der.

No kryssar me berre fingrane for at me har fått med oss tistrekkelig med hønekyllingar, og at det ikkje berre er haner. I så fall kan det bli livlig i Blåbærhagen om morgonane. Eller kanskje det blir Coq au vin.

Ps: bildet er klikkbart, så søte kyllingar fortener å bli sett i større storleik...


mandag 5. mai 2008

Er her enno...

Det er for fint ver til å sitte inne framfor skjermen for tida, me går ut om morgonen og kjem ikkje inn igjen før i titida. Nåja, kanskje ikkje heilt sant, men bortimot. Mykje skjer i Blåbærhagen, oppdateringar kjem snart håpar eg. Enn så lenge viser eg berre bilder av plantene eg kjøpte på hagemessa sist helg, mest frå fantastiske Eides Stauder på Askøy, men også litt frå like fantastiske Ljono Stauder i Ulvik. Eg kjøpte en del planter med dekorativt bladverk (Heuchera, Brunnera, Cyclamen, Cimifuga), elefantgras (Miscanthus floridulus ’Giganteus’) som kan bli tre meter høgt, og ei vakker, vakker fylt julerose (Helleborus orientalis). Mykje spennande, med andre ord, og ein god motivasjon til å få ferdig beda så eg kan få desse og alle andre pottebuarar i jorda.