mandag 29. september 2008

Nye planter

I dag kom plantene eg har bestilt frå Jensen si planteliste, der er det haustsalg på masse spennande og uvanlege vekster. Eg var ganske beskjeden i bestillinga, og i ettertid gremmer eg meg vel egentlig over at eg ikkje bestilte meir. Hosta 'Blue Mouse Ears' for eksempel. Men det får så vere, eg fekk jo mykje fint, då:
1 Angelica 'Ebony'
1 Athyrium nipponicum 'Pictum'
1 Carex 'Ice Dance'
1 Geranium 'Blue Sunrise'
1 Iris chrysographes 'Black Form'
1 Iris sibirica 'Snow Queen'
1 Iris sibirica 'Roanoke's Choice'
1 Viola sororia 'Rubra'

Så no håpar eg på ein fin ettermiddag snart så eg kan få det i jorda. I dag høljar det og hagen er eit gjørmebad...

lørdag 27. september 2008

Tre ukjente Heuchera

Ja, desse tre har eg i hagen og lurar på kva det er for sorter... Dei to på det første bildet har hatt namnelappar ein gong, men dei er for lengst borte. Den siste kjøpte eg umerka no i sommar. Nokon som kjenner dei?

Solsikker frå fuglebrettet

Ja, sånn kan det gå når dei fjærkledde hamstrar solsikkefrø og gjømmer dei vekk i ein lita grop. Her kom det opp fire-fem planter i ei klynge i sommar. Me trudde aldri desse skulle få tid til å blomstre før hausten, men jammen santen... Dei lyser verkeleg opp som soler, neste år skal me så sjølve!

September 161 September 163

fredag 19. september 2008

Duftgladiol - Acidanthera bicolor


Det er kaldt, surt og vått ute, det høljar og det bles. Eg vakna kl. 03 i natt av lyden av haust, og priste meg lukkeleg for fridagar på fredagar. Så i dag held eg meg inne og prøver å underhalde ei sur og gretten lita jente. Takk og lov for formiddagslur så mor kan få surfe litt.

På ein dag som dette treng me ei oppmuntring. Og så kan ein jo spørre seg sjølv om det verkeleg er sant at det berre er eit par-tre dagar sidan sommaren på dette bildet.

tirsdag 16. september 2008

Ein overlevande

Denne opiumsvalmua dukka opp i hagen i sommar. Lurar på kor lenge frøet har lege i mørket før det vart vekt til live når eg begynte å rote i jorda?

September 142 September 144

mandag 15. september 2008

Hønene våre

Enkelte vil kanskje huske at me har høner i Blåbærhagen, eg har skrive om då me fekk kyllingar i vår. No er det visst på tide med ei oppdatering. Av seks kyllingar viste det seg at fire var hanar... Dei har begynt å vekke oss med galing om morgonen og kva skal eg seie... dei blir nok ikkje gamle hos oss. Men flotte er dei! Me har heldigvis avtale om å få "bytte inn igjen" den eine, søstra mi vil ha ein svart hane og kan gi oss ei svart høne i staden. så kan me supplere med eit par høner til neste år. September 110

Lenge har dei stakkars fuglane levd i eit veldig provisorisk hus. Skjønt hus er vel å overdrive, kasse er nok meir beskrivande. Men dei har hatt ein fin og stor hønsegard, og på sommaren har det ikkje vore så farlig korleis taket over hovudet såg ut. Men no nærmar vinteren seg og fuglane er blitt altfor store for det vesle skjulet, så me har endeleg fått på plass eit skikkeleg hønsehus. Steg-for-stegbilder av byggeprosessen følger i eige innlegg seinare. Hønene har levd herrens glade dagar i helga då huset endeleg vart sett på plass, dei fekk nemlig gå fritt i hagen mens den nye hønsagarden blei sett opp. Me måtte jage dei frå kjøkkenhagen eit par gonger men elles gjekk det overraskande greit, dei heldt eg i utkanten under nokre buskar, og storkoste seg. Veldig dekorative, synest me. Dei to brunspettete er av rasen Wyandotte, den lyse Isbar og dei tre grå og svarte er Australorps.

August 079 August 108 August 364 August 100 August 371

Test

Funkar Live Writer i dag, då?

Edit: Ja, det gjorde det!

lørdag 13. september 2008

Kjøkkenhagen

I vår laga me oss eit opphøyd bed av
fletta hassel. Blåbærhagen er jo bratt, her er nesten ikkje eit flatt parti på heile tomta. Så kjøkkenhagen er bygd opp som ein terrasse med veggar/gjerde på tre sider. Me la aviser nederst i bedet for å hindre skvallerkålens inntog, og av same grunn fora me flettverksgjerdet med papp og grunnmursplast. Rundt kjøkkenhagen la me ned aviser og dekka med flis frå kompostkverna for å kvele ugras og lage gangar som er gode å gå på. Så fylte me på med ei blanding av den jorda som var her, kjøpejord og kugjødselkompost. Resultatet blei eit bed på omlag 2 x 3 meter. Her har me dyrka litt ulikt i sommar. For det første satte me ut alle månedsjordbærplantene som tidlegare levde eit trist liv i to trange balkongkasser mens me enno budde i leilighet. Det var blitt ufattelig mange planter i kassene, dei sår seg jo som ugras. Så dei blei delte opp og planta rundt kanten av kjøkkenhagen. Vidare sådde eg spinat, sukkererter, høye og lave bønner, salat, grønnkål, svartkål, busktomatar, reddikar og persille. Eg planta også ut purre. Så det blei plass til litt av kvart, sjølv om det vart for trangt for enkelte. Månedsjordbæra utvikla seg til store monster og kvalte persillen fullstendig. Salaten fekk også lide litt, men ein god del klarte seg fint. Og det meste av resten har gitt ganske god avkastning. Spinat skal eg ikkje bry meg med neste år, mykje jobb for liten avling. Reddikar syns eg alltid blir markspiste. Busktomatane gav dårlig avling og dei blir nok heller ikkje modne. Heldigvis har me tre tomatplanter i eit minidrivhus, dei ser ut til å rødme no... Og månedsjordæra skal definitivt ut av beddet og rett i bakken, det må vel vere ein fantastisk markedekkar nedafor.

Me er kjempenøgde med kjøkkenhagen i år, og har bestemt oss for å lage eit nytt bed til neste år, ovanfor det andre. Det er jo ein fin måte å utnytte skråninga på!

Månedsjordbær, bønne 'Purple Teepee' , svartkål 'Cavolo Nero di Toscana' , tomat 'Sparta'

søndag 7. september 2008

Testar nytt redigeringsverktøy

No har eg lasta ned Windows Live Writer, det skal visst gjøre det lettare å laste inn bilder. Prøver litt...

September 023 September 009 September 010

Og det var det, endelig går det an å plassere bildene lett rundt i innlegget, der ein vil ha dei. Og ein kan lage rammer og legge til alle mulige effekter. Flotte greier!

Bildene viser eit lite utval av erteblomane mine, frå venstre Cupani, Mollie Rilestone og Black Knight. Dei står og sprer velduft i Blåbærhagen tidleg og seint.

lørdag 6. september 2008

Liljeblomstring i dag

Endelig har lilja 'Casablanca' slått ut, den står i potte og har hatt knoppar i ein heil evighet. Eg har gått og venta og venta, og i dag hadde den opna seg i den varme sola. Nydelig!

Ellers var eg ein tur innom plantasjen sitt høstsalg, der kjøpte eg Primula japonica 'Alba', Phlox douglasii 'White Admiral', og Armeria maritima 'Dusseldorfer Stoltz'. Og fire bringebærplantar til halv pris, 'Glen Ample' alle saman. To klematis kom også med i handlevogna, det var vel 'Warszawska Nike' og 'The President', trur eg. Begge skal vere seintblomstrande, planen er å plante dei under den store skjærsminen ved trappa slik at den kan "blomstre" igjen på ettersommaren.











Eg kjøpte også ei rose, 'Swany'. Anar ikkje kva eg tenker på, for her har det vore rosemassakre for andre gang i år. De ser stumpane som står igjen på bildet til høgre... Det er sjølvsagt hjorten som har vore på ferde, dei tok alle knoppane ein gong i juli då det var rett før blomstring. Og no, når plantene hadde henta seg inn og heile bedet sto fullt av knoppar, slo dei jaggu til igjen. Så det blir ikkje meir roseblomstring i blåbærhagen i år, bortsett frå dei tre lave som står her, udyra bryr seg visst ikkje med å bøye seg så langt ned. Så to lave bunndekkeroser og den kompakte 'Rose de Resht' har fått stå i fred, det er jo ei trøst i det. Sistnevnte er heilt fantastisk, har blomstra sidan den blei planta i mai eller når det var, busken er rund og harmonisk i forma, blomane duftar nydelig og fargen er jo flott. Så den anbefalast varmt!


Rose de Resht