fredag 31. oktober 2008

Glimt frå Dublins botaniske hage

aMe kom vel tilbake frå den grøne øya, det var fint å kome seg bort ei vekes tid! Som vanleg når eg er der borte var det familie som sto i fokus. Eg reiste med jenta mi på 1,5 og mor mi som er frå Dublin. Mens me var der borte fylte bestemor mi 92 år, ein respektabel alder! Ho og bestefar min syns sjølvsagt det var stor stas å treffe oldebarnet sitt igjen. Eg kan nok takke desse to for ein stor del av hagegalskapen min. Begge har vore ivrige dyrkarar av ulikt, han for det meste bær og frukt, ho grønsaker og blomar. Barndommens sommarferiar i Dublin var lange og solfylte, og leikeplassen min var hagen deira. Eg kan nesten kjenne duften av solvarme roser her eg sit, og smaken av salat, vårløk og bønner frå grønsaksbedet.
Ferien var altså ikkje så veldig hagerelatert, det er jo heller ikkje årstida for det. Men ein kjapp spasertur i den botaniske hagen blei det som vanleg tid til. Ei perle, og for sånne som meg var det mykje fint å sjå også på hausten. Sjå berre stammene på desse japanske lønnene!
Oktober 237 Oktober 236 Oktober 239
Det nyleg restaurerte palmehuset frå 1884 er også litt av eit syn. Var ikkje inne denne gangen, men neste gang skal eg sørge for å ha betre tid.
Oktober 247 Oktober 248
Og for øvrig trur eg denne hagen må ha den finaste parkeringsplassen i byen!
Oktober 249 Oktober 250

tirsdag 21. oktober 2008

Er det vår no?

I morgon reiser eg til Dublin med mor og dotter, der skal me ta livet med ro og tilbringe gode dagar med familie og kjente. Vermeldinga der er ganske bra, her ganske dårleg. Så eg kjem definitivt ut på plussida!

Ute i hagen er det nokon som tar våren kraftig på forskudd, ein julesvibel eg befridde i vinter. Håpar han klarar seg til tida er inne på verkeleg.

Oktober 173

søndag 19. oktober 2008

Frå sommardag til hauststorm

Dagen i dag starta med strålande sol og skyfri blå himmel, skal seie det gjorde seg mot gule, brune og raude haustfargar! Eit gyldent høve til å få gjort noko i hagen for ein gongs skuld, så svigers vart hanka inn som barnevakt. De forstår at her i huset vil me ikkje ha barnefri for å gå på kino eller på byen, nei, her prioriterar me hagen! Nåja, håpar jo det blir litt kino og byen i haust/vinter då. For i sommar har me rett og slett ikkje hatt tid. For mange bed som måtte gravast, for mange soltimar som skulle nytast, for mange nightcaps som skulle inntas ute i hagen.

Men i alle fall, fire timar uavbrote graving gir definitivt resultat. No har eg eit stort, fint og tomt bed som står klart til å fyllast... du snakkar om luksus. Så eg ser faktisk lyst på parsellutflytting før nyttår, no trur eg kanskje eg skal få plass til alt her. Utruleg kor mykje rart eg klarte å samle på meg i løpet av tre-fire år i parsellen, eg skuldar på utagerande såing og plantebytting på Hagegal.

Skulle tatt bilder og vist fram, men batteriet var tomt. Dessutan synest eg alle bilder eg tar av hagen for tida ser veldig triste ut, berre masse vissent lauv og opptrakka gjørme. Men skal prøve igjen, for det er viktig å dokumentere!

Så i formiddag hadde eg ei fantastisk hageøkt i flott ver. Fuktige jordhaugar som dampa i sola gav reine vårstemninga, faktisk. Men utpå ettermiddagen blåste det opp, og no høljar det og stormar rundt huset. Likar det ikkje. Eg måtte ut og redde inn diverse bøtter og potter i stad, vinden er sterk nok til å ta med seg det meste som ikkje er tjora fast. Håpar det gir seg snart. Uff, eg er ikkje så glad i hausten, eg.

fredag 17. oktober 2008

Oktoberblomstring

Det er enno noko som står i blom, men for det meste er plantene eit trist syn om dagen... I natt var det frost for første gang, men dei mindre herdige som ikkje har fått komme inn enno har klart seg fint likevel. Frost betyr jo høgtrykk og me har til og med sett sola i dag. Det var nesten for godt til å vere sant at det skulle vere fint og oppholdsver akkurat på fridagen min. Og nok eit mirakel; jentungen sov i heile to og ein halv time i dag, dermed fekk mora ei lang og god arbeidsøkt i hagen. Endeleg.

Fekk satt ned massevis av planter som har stått i potter, diverse høstsalgkupp, Jensenplanter og ting eg har flytta hit frå parsellen. For å gjøre plass måtte eg røske vekk sommarblomane, men det var jo i grunnen på tide. Og så har eg bestemt meg for at kjøkkenhagen får bli ventebed i vinter. Eg innser vel at eg ikkje kjem til å bli ferdig med det planlagte bedet bak huset, så dei siste plantene som skal hit frå parsellhagen får finne seg i å bli gravd ned mellom purre og grønnkål. Så lovar eg at dei skal få ein permanent plass til våren! (Håpar berre det er plass til to blåbærbuskar, to aroniabuskar, tre bjørnebærplanter, ein magnolia, to små epletre, eit tjuetals stauder og sikkert meir eg har gløymt...)

Og forresten har eg fått ei utmerking frå Dagny i Heim-bloggen, ho sender meg 'You make me smile-award'. Tusen takk Dagny, det set eg pris på!

Oktober 140 Oktober 166 Oktober 165

Oktober 160 Oktober 164 Oktober 159Oktober 172 Oktober 167

(Blomsterert, skabiosa, løvemunn 'Black Prince', kjempeverbena, mørkkongslys, purpursolhatt, blåsalvie, blodbeger)

søndag 12. oktober 2008

Nytt liv i hønsehuset

I dag kom denne vesle forskremte flokken i hus. Vår stakkars eine gjenlevande høne måtte jo få selskap, så no har klart å skaffe fire tverrstripa Plymouh Rock og tre brune italiener. Foreløpig bur dei i kjellaren under ei varmelampe, om ein månad eller to håpar me å kunne flytte dei ut i hønsehuset. Dei minste er ei eller to veker gamle, dei største nærmar seg vel ein månad. Italienerane ser ut som små ryper, nydelege!

oktober 131

Eit godt naboskap

Denne cosmosen planta eg i vår i det einaste bedet som var i hagen då me overtok. Ikkje visste eg at det skulle kome opp ei astilbe i nøyaktig same farge akkurat der! Dei kler kvarandre, synest eg.

September 178

torsdag 2. oktober 2008

Høne RIP

I dag har det hendt noko trist her. Eg sto på kjøkkenet og bakte blåbærmuffins (som seg hør og bør i ein blåbærhage) då eg plutseleg høyrde eit voldsomt spetakkel utanfor. Eg sprang ut og der hadde det jammen vore ein hund i hønsegarden og fått med seg to høner ned i hagen til naboen. Eg fòr etter og klarte å redde den eine, bar ho opp igjen i hønsehuset og ned igjen for å jage hunden. Då eg kom fram til den stakkars fine wyandottehøna mi var det framleis liv i henne, men det var tydeleg at ho sang på siste verset. Eg la henne forsiktig inn i huset og tok ut etter hunden. Anar ikkje kor den kom fra, det var ein golden retriever med halsband og alt, eg vil tru den har stukke av frå turgåarar på fjellet bakom her. Den forsvant i alle fall fortare enn svint når eg jaga den.

Ti minutt seinare var høna daud. Veldig trist og veldig unødvendig. Eg har ingen kvaler med at dyr må dø, me har jo slakta tre av hanekyllingane våre og hatt ein av dei til søndagsmiddag. Men dette er noko heilt anna, denne høna skulle me jo ha i mange år! Eg hadde tenkt å lage namnekonkurranse på bloggen for å finne eit bra namn til ho og søstra, me skulle få dei riktig håndtamme og det skulle vere så fint. No har me berre den grå høna igjen, og ein svart hane. Hanen er lova vekk til søstra mi, men stakkars siste høna kan jo ikkje bli igjen åleine! Uff og uff, dette er trasig.