søndag 30. november 2008

Solhatt - Echinacea


Etter å ha lese om Dove Cottage Nursery & Garden i eit gamalt blad har eg fått ein ny ønskeplante.

Egentlig er eg ikkje så glad i gult og oransje i hagen, likevel klarte eg på uforklarleg vis å lage eit lite bed i akkurat dei fargane i sommar. Etter å ha pådratt meg ein del meir i same fargeskala i haust gjennom diverse salg og bytting, blei bedet utvida. No merkar eg at det er nettopp dette bedet eg gler meg mest til å sjå i full vekst til neste år. Her skal det bli sprakande i raudt, gult og oransje med innslag av lilla, og det veks det også litt ulikt prydgras der.

Etter å ha sett desse forførande solhattane i ulike fargar innser eg at slaget er ugjenkallelig tapt. Eg vil ha meir! Eg vil ha varme, eksotiske, dirrande fargar og eg vil at det skal vere solhattar opp og i mente. Store, små, lyse, mørke, oppovervendte og nedovervendte. Foreløpig har eg berre ein, den vanlege purpurea (bildet over). Han kom med ein blom i år heilt på tampen av sommaren... Sneglane ga han hard medfart i vår, trur eg, så han brukte lang tid på å hente seg inn igjen.

Men neste år skal eg gå til krig mot sneglane for eg vil ha solhatten for meg sjølv. Og eit utval med andre fargar; er ikkje denne gule 'Sunrise' fin? Og oransje 'Art's Pride'? 'White Swan', 'Twilight', 'Green Envy', 'Sundown', 'Vintage Wine', 'Summer Sky', 'Mango Meadowbrite', 'Tiki Torch', 'Harvest 'Moon' og i det heile tatt.

Thompson & Morgan og Impecta har frø til nokre namnesortar, godt mulig det må bli ei bestilling.

Ta ein kikk på bildene på Dove Cottage si side, under kategorien Garden, vel verdt å sjå sjølv om bildene er små. Fantastiske bed og samplantingar!


onsdag 26. november 2008

Tuppene

Eg lovde sist å presentere hønene, so here goes. Bildene er ikkje særlig gode, henholdsvis skarpt utelys i snø og dunkelt kjellarlys er ikkje den beste hjelp ein kan få. Men fuglane har sjarm nok til å kompensere, synest eg! November 146

Den grå (eller blå som det heiter) er av rasen Australorp, det er også den svarte. Det er store, tjukke og gode høner som er rolige og tillitsfulle. Dei verper lysebrune egg, og i forgårs kom faktiskt det første! Eg var bortreist på seminar og fekk ikkje sett det. Det var både frose og knust, så det havna i komposten. Men no ventar me i spenning på det neste, har rigga til varmelys i hønsehuset så hverken tupper eller egg skal fryse, og funderar på om det skal bli hardkokt, bløtkokt eller omelett...

Den grå er den einaste som er igjen etter dei opprinnelege kyllingane våre, men den svarte er klekt i same omgang så dei er i grunnen søstre. Den grå har flotte sjatteringar i fjøra, og den svarte glinsar i grønt og blått. Veldig fine, begge to.

 

 

 

November 145

 

Denne raude er ikkje fullvoksen enno, ho er av rasen Rhode Island Red. Ekstremt tillitsfull, ho kjem og smyg seg  inntil oss når me er borte i hønsehuset, piper og pratar til oss og verkar veldig selskapssjuk. Desse blir ikkje så store som Australorpsene, dei er gode verparar og legg mange mellombrune egg. Nydelig mahognybrun farge på fjøra! Ho kjem nok til å bli eit syn når ho blir stor.

 

 

November 148

Også har me kjellarbuarane, dei har begynt å bli store dei også. Dei største skal nok snart få flytte ut i hønsehuset, men dei minste får vente til etter jul. Det er tre brune italienarar og fire tverrstripa Plymouth Rock. Eg trur ein italienar er hane, og to av dei tverrstripa.  Men sikker kan ein ikkje vere før det kjem enten egg eller hanegal... Italienerane skal vere kjempegode verpehøns, men dei er veldig nervøse og flaksete av seg. Det merkar me godt. Plymouth Rock er kraftigare og roligare, og skal kunne bli ganske tamme. Foreløpig har me ikkje klart å temme dei så godt fordi italienerane blir heilt ute av seg om me prøver å handtere dei for mykje. Me kjem til å beholde ei høne av kvar sort, overskuddet sender me ned på farmen til søs tenker eg.

Me spekulerar ein del på dette med namn. Både eg og mannen kjem frå stødig bondeslekt der ein ikkje driv med sånt fjas som namn på dyra... Så me er usikre på om me vil kunne få oss til å bruke eventuelle namn på hønene. Men det hadde jo vore kjekt, i staden for å omtale dei som den grå australorpen, italieneren osv. Så me får sjå, då må me i så fall komme opp med namn som passar godt, som ikkje er for fjollete og gjerne passar saman på noko vis. Om de har forslag, kom gjerne med dei!

søndag 23. november 2008

Vinterland

Det har snødd i Blåbærhagen. Eg er ikkje spesielt glad i vinteren men ok, det er fint med snø. Eit par dagar. På tirsdag er det heldigvis meldt tøver... Hønsegarden (nederst til høgre på det første bildet) er heilt nedsnødd og hønene nektar å gå ut. Eg forstår dei i grunnen godt. Eg skriv hønene i fleirtal, me skaffa oss nemlig to til i helga då me var på besøk hos søstra mi, vår faste fuglepushar. Så no har stakkars einehøna fått selskap, og dei sju kyllingane i kjellaren er også snart store nok til å flytte ut. Kanskje over jul? Neste innlegg byr på bilder av heile hurven, tenker eg.










fredag 21. november 2008

Årets

Pusepilde minner om at det er tid for årets kåring, her er eit utval frå meg.

Årets krokus: 'Cream Beauty'
Mars 009

Årets blåaste: Anemone blanda 'Blue Shades'
April 014

Årets blygaste: Meconopsis
Mai 062

Årets nykommarar: kyllingane
Kyllingane

Årets søtaste: Lyseblå hornfiol
Juni 023

Årets frekkaste: Hjorten, sjå kor ho gumlar!
August 168

Årets tynnaste: Frosken som vart redda ut av brønnen
April 023

Årets byggeprosjekt: Hønsehuset
August 251

Årets storkenebb: 'Purple Haze'
Juni 185

Årets prestasjon: Mannen i huset sin kamp mot spireakrattet
Mai 246

Årets funn: To heile tallerknar frå flyvåpenet, begravd under nevnte spireakratt. Flaks at mannen har mellomfag i arkeologi!
April 194

Årets finaste gjest: neslesommerfugl
September 140

Årets triste: dei forlatte kjøttmeisegga i fuglekassa
Juli 176

Årets plaster på såret: Sju fine kjøttmeisungar i den andre fuglekassa
Juni 086

Årets overraskande: fuglesådde solsikker som rakk å blomstre
September 162

tirsdag 18. november 2008

Hagememe

HildeG utfordrar til hagememe, eg blir med eg også.

1. Hvis du kunne, ville du leid inn en hagedesigner? Hvis nei, hvorfor – hvis ja: hvem?
Nei, vil ha full kontroll sjølv!

2. Er du fornøyd med størrelsen på hagen din. Ville du hatt den større, mindre? Hvorfor?
Ville gjerne hatt større, ja. Pr i dag har me ca eit halvt mål, men skulle gjerne hatt eit mål flatmark i tillegg. Fint med kupert og bratt terreng, men det har jo sine begrensingar. Her skulle me hatt drivhus, frukthage, fleire grønsaker, roser, tre, litt av alt i grunnen.

3. Nevn minst to hagegale du misunner (ikke på noen negativ måte, da…) – og hvorfor(og ikke nødvendigvis for hagerelaterte ting, det er tross alt november…)
Berit for rosene i Sunnmørshagen hennar, og Solfrid for alt det vakre ho får fram frå frø.

4. Ville du flyttet hagen din til en annen klimasone hvis du kunne? Hvilken?
Ja, ein klimasone ned! I forhold til resten av Bergensområdet er det litt kaldt i Blåbærhagen, fordi me ligg litt høgt (kan ein kalle 170 moh høgt?). Så eg føler meg snytt for alle planter som burde kunne gå her på Vestlandskysten men som ikkje går hos oss. Trur eg. Eg kan jo prøve meg...

5. Hager du alene, eller sammen med din kjære? Hva bidrar han/hun med?
Me er like involvert begge. Stauder, roser, løkar, tja, egentlig alt som blømer er mitt felt. Han er opptatt av trea og kjøkkenhagen, og han har store planar om å lage eit japanskinspirert landskap rundt eit par kampesteinar. Begge er involvert i planlegginga av det strukturelle, me samarbeider bra om bygging og graving (han tar dei tyngste taka, eg oppmuntrar og dirigerar). Vedlikeholdsarbeid gjør me i grunnen begge, eg tar stort sett lukinga, han tar stort sett grasklipping. Eg er sjeleglad for å ha ein mann som delar mi store glede i hagen!

6. Hvorfor hager du?
Fordi det er noko av det beste eg veit. Kan ikkje la vere. Årsaken må ligge langt tilbake i ein graut av arv og miljø og gamle frøkatalogar.

7. Ser du en åndelig/metafysisk dimensjon i hagen?
Tja, det gir meg sjelefred i alle fall. Viktigst er kanskje at det er eit rom (også på det metafysiske planet) for meg og familien min der me kan tilbringe gode stunder saman.

8. Har du begynt å glede deg til våren, eller gleder du deg mest til jul foreløpig?
Vår! Ja! Snart!

søndag 9. november 2008

Noko nytt til hagen?

Oktober 216

Irlandsturen min for eit par veker sidan var som nevn ikkje så veldig hagerelatert. Likefullt var eg ein tur innom eit hagesenter, planen var å kanskje kjøpe litt løk. Det var dårleg med planter der på denne tida av året, men desto meir... kva skal eg kalle det, hagekunst? Enorme mengder skulpturar, figurar og fontener med og utan farga lys. Noko for ein kvar smak, sjå berre her. Kva med ein moderne vri på klassisk skulptur, urne inkludert? Eller kanskje ei vaktløve? For den med meir intellektuelle aspirasjonar kunne det jo vere noko med ein Henry Moore-inspirert sak?

I det heile tatt mykje glam og glitter, eg kunne diverre ikkje ta bilde inne i det mørklagte uthuset der alle fontenene med blinkande farga lys og vanndamp var utstilt. Eg har aldri sett maken. Men det var litt av kvart ute også, eg gjekk rundt med store auge og knipsa.

Oktober 214 Oktober 218 Oktober 224

Oktober 215 Oktober 217

lørdag 8. november 2008

Løk - investering i våren

Eg plantar løk i dag, flaks då at eg har eit nytt og heilt tomt bed, og at sola skin. Eg skulle jo egentlig styre unna sidan eg er redd hjorten kjem til å forsyne seg grovt til våren, men når det er halv pris og vel så det så er det jo ikkje så farleg?

For to år sidan fekk eg ein pakke papegøyetulipaner 'Black Parrot', dei har stått i parsellen og blomstra begge vårar sidan (bilde frå i fjor). No har eg grave dei opp, det er nokre store og ei røys med småløk. Eg er litt i tvil om kva eg skal gjøre med dei, vil dei blomstre igjen neste år? Kaste småløkane eller plante dei også? Eg ser for meg at dei vil vere fine saman med kvite 'Purissima' som eg har ein pose av.

Eg grov også opp tre liljeløkar 'Stargazer', men dei kan eg ikkje finne igjen. No som eg endeleg har klart å bestemme meg for kor dei skal stå... Får håpe dei dukkar opp før det blir for seint.

Må føre liste så eg huskar:

30 Iris reticulata
20 Narciss 'Tete a Tete'
2 Lilje 'Casablanca'
5 Lilje 'Black Beauty'
10 Anemone blanda 'Blue shades'
5 Allium 'Gladiator'
10 Tulipan 'Spring Green'
10 Tulipan 'Burgundy'
25 Tulipan 'Purissima'
30-40 Tulipan 'Black Parrot'

Oppdaterar lista etterkvart som eg pådrar meg nye billigløk, og får dei i jorda.