fredag 8. mai 2009

Kva blomstrar i mai?

Eg er i hagen så mykje eg kan, kveldane har verkeleg begynt å bli lange no så det går å halde på ei stund etter leggetida til små jenter. April har vore fargerik og full av blomar; påskeliljer, primula, kubjeller, kvitveis. No ser det ut til å vere ei lita pause, ikkje så mykje som blømer hos meg i mai? Det må me endre! Det er mange ting å tenke på når ein anlegger bed, ikkje berre skal plantene passe i lag i forhold til farger, bladverk og høgde, ein må også tenke på blomstringstid slik at ein ideelt sett har noko for heile sesongen. Eg har altså eit lite hol i mai så no må eg fundere på kva som kan tette holet... Tulipanar er jo sjølvsagt openlyst, men kva med staudene?

Her er eit utval frå slutten av april, engkarse (strengt tatt eit ugras men bevares så skjørt og vakkert), marianøkleband (Primula veris), ein rhododendron (me redda den frå grøftekanten, nokon var tydelegvis lei og hadde dumpa den der), aurikkel, raud rosenrot (Rhodiola atropurpurea), kubjelle (Pulsatilla vulgaris).






lørdag 2. mai 2009

Gulare enn gult

Kjapt innlegg i dag, med tre gule innslag. Som ein del andre er eg ikkje overbegeistra for gule blomar, men eg ser likevel at det kan ha sin sjarm, slik som denne. Dette må vel vere ein fylt form for gulveis? Eg anar ikkje kor eg har fått den frå, muligens frå nokon i parsellhagen i si tid. Den kom med ein blome i fjor, og i år har den spredd seg ein del.


Geranium 'Blue Sunrise' som eg kjøpte i fjor haust ser ut til å halde det den lovar, nydelig gult bladverk. Det blir spennande å sjå korleis det står til dei blå blomane seinare i sesongen!


Og her er lunsjen i går, heimebakt brød med eggerøre frå hønsehuset og grasløk frå hagen.


Det var sånn ein fin dag i går, eg og Veslepionen var heime åleine og var ute frå halv ni om morgonen til halv sju om kvelden. Me gjekk berre inn for å finne litt mat innimellom. Eg fekk gjort kjempemykje, nesten ferdig med surjordsbedet pluss at eg har gravd opp eit stort nytt bed opp mot gjerdet. Jenta klarar stort sett å sysselsette seg, det er stas å hjelpe mamma å grave med eigen spade og bøtte... Elles brukar ho mykje tid på å gjete hønene. Når me er ute i hagen pleier me å sleppe dei ut av hønsegarden så dei kan gå og rote i jorda oppe i skogkanten. Men dei må passast på, lekre spirar i beda mine er visst veldig fristande. Då er det godt å ha ei lita jente som er lett på foten, ser ho dei nærmar seg kjem ho springande med heva peikefinger og kjeftar: "Nei, nei høne, ikke pise mamma sin bom! Gå opp i kogen!" (Ordforklaring - pise=spise, bom=blomst, kogen=skogen. Dagmammaen til jenta snakkar pen bergensdialekt og det smittar tydeligvis...)