fredag 30. oktober 2009

Sju tilfeldige fakta

Sigrid og Berit har gitt meg ei utmerking med tilhøyrande utfordring; eg skal fortelje sju ting om meg sjølv.

1. Eg skal få avkom nr. 2 om to-tre månader, dei seier det er ein gut og han gjør seg allereie bemerka ved å ta førligheita frå mor si så ho ikkje kan få satt alle løkane som ligg på vent i kjellaren.

2. Eg har heldigvis ein ualminnelig snill mann som gjør det meste for å halde meg fornøyd, det inkluderar setting av nevnte løkar no til helga.

3. Eg får ei sterk oppleving av glede når eg kan henge klesvasken ut til tørk i hagen.

4. Eg er fødd dagen etter at Jens Bjørneboe døydde.

5. Til tross for skrøpelig bekken og krykker syns eg det er ganske kjekt å vere gravid, men gler meg likevel til eg kan gå med høyhælte sko og snertne kjolar og drikke calvados igjen.

6. Eg gler meg også til i morgon, då skal eg på loppemarknad og det er ein av favorittsyslane mine.

7. Eg klarar ikkje for alt i verda å finne ein vegglampe eg likar til den litt for mørke stova vår.

Denne her ser ut til å ha vore på runde hos dei fleste, så eg sender den ikkje vidare til nokon spesiell. Om nokon skulle føle seg kalla, så værsågod!

onsdag 28. oktober 2009

Fjørfe i haustlys

Moskusendene har blitt store, dei er ikkje like tamme men ganske trivelege likevel. Det ser ut til å vere ein (skinande) kvit andrik og ei mørk and.


Desse er klekte litt vel seint på sommaren, i august. Strengt tatt burde dei hatt heile sommaren på å feite seg opp til vinteren, tippar dei ville tatt knekken på ein del sneglar då. No er det ikkje så mange igjen til dei, men dersom dei kjem over ein går den ned med overraskande stor appetitt. Både små åkersneglar og store, sleipe, brune beist. Så etter mi vurderingsevne er moskusanda slett ikkje oppskrytt som sneglejegar! Sjå berre her kor dei kjemmer seg gjennom graset:

Hønene har sakka litt akterut når det gjeld verping, men det er allikevel stort sett to-tre egg kvar dag. På ettermiddagen får dei sleppe ut frå hønsegarden eit par timar. Tanken er at dei skal halde seg oppe i skogkanten og rote rundt etter mat, men sanninga er vel at dei føretrekk beda mine. Då er det greit å ha ein liten hønsegjetar som kan passe på dei. Bildet er frå ein solskinnsdag i helga som var så fin at me måtte fram med is. Og i ein toårings univers er det jo innlysande at hønene må få smake! Det ville dei heldigvis ikkje, brødskalkane var meir interessante. Men det sto altså ikkje på generøsiteten, og det teiknar jo godt for framtida, synest eg.

onsdag 21. oktober 2009

Haust og hausting

Det har ikkje vore mykje til matauk i Blåbærhagen i år. Den kalde og våte sommaren gjorde ikkje godt for grønsakshagen, og stadig dårlegare form hos underteikna har ført til lite plukking av ymse frukt og bær. Hjorten maltrakterte dei to små epletrea våre og åt alt av kart. Dei nye bringebærskudda vart ødelagt av ein flokk vel frittgåande høner. Bønnene vart ikkje modne før i oktober, og så vart dei tatt av frosten nesten med ein gong.

Men eit par ting har me fått til:
- Squashplantene (2 stk) var ein stor suksess, dei gav masse fine fruktar i juli og august. Eg trur nok me hadde nokon i september også.
- Etter eit mislykka såforsøk kjøpte me ei potte med bladpersille på Bondens marknad i vår, delte den opp og planta eit felt i urtebedet. Det eksploderte! Står vel framleis omlag to kubikk persille der, uberørt av frosten. Fantastisk!
- Sådde berre ein runde med salat, men den vaks til gjengjeld bra i det kalde, våte veret.
- Sjokolademynte, grønmynte og sitronmelisse vokste alle overdådig, slik dei pleiar å gjøre, og eg tok meg saman ein sjelden solskinnsdag i september og klipte inn store buntar av alle tre og hengte til tørk. Her om dagen kom eg meg endelig til å strippe dei tørka stilkane for blad, og for ein duft som spreidde seg i huset! Særleg sjokolademynten var så aromatisk at det beint fram fekk augo til å tåre. Satsar på mykje urtete i vinter, og grønmynten brukar me dessutan mykje i matlaginga.

I dag har me ete pannekaker med rørte blåbær - frå i fjor! Det er med stor skam eg melder at me har plukka ikkje meir enn ein halv liter blåbær i år, og det var heilt og fullt mannen i huset si forteneste. Det er skralt for ein Blåbærhage. Igjen skuldar eg på dårleg ver og dårleg bekken. Men no sit eg og nippar til eit glas iskald hylleblomsaft laga i vår, og kjenner den liflige dufta av kokte epler bre seg omkring. Svigers hadde med ein pose nedfallseple frå Sunnmøre her om dagen, og dei putrar så fint i saftkokaren as we speak.

Så noko er det jo heldigvis, og neste år... då skal det bli bra! Me skal lage nytt grønsaksbed, plante fleire frukttre, og krysse fingrane for at me har klart å stenge hjorten ute. Krysse fingrane hardt.

Urtehaust i september

tirsdag 20. oktober 2009

Bukettar til trøst

September var våt og trasig, det beste ein kunne gjøre med blomane var å plukke dei inn. Her er eit lite utval. Tenk at eg ikkje har likt dahlia før! Neste år blir det fleire.

Lilla og raud dahlia, erteblomar og kattehale.

Ballblom, cosmos, vivendel, rose 'the Fairy', snøbær.

Ballblom, haustanemone, roser, erteblomar, scabiosa. Og ein kvast syrinhortensia som brakk i vinden.