fredag 27. november 2009

Lite haging men nytt prosjekt

Eg har fått ei utmerking frå Røsslyng, det var då veldig hyggelig! Så skal ein finne 15 nyoppdaga bloggar å sende den vidare til men der må eg innrømme at eg slit litt. Har ikkje tid til å finne så mange nye bloggar for tida, og dei faste som eg følger med på har visst fått denne allereie. Kanskje eg kjem tilbake til det ein annan gong? Uansett, takk Røsslyng!

Ute regnar det, min hageaktivitet for tida strekk seg ikkje lenger enn å gå ut og mate høner og ender kvar morgon. Og då går eg høgst forsiktig med museskritt for å ikkje skli i den bratte, glatte, blaute bakken. Hvis eg dett kjem eg meg sannsynlegvis ikkje opp igjen... Det står dårlig til med bekken og rygg, eg klarar såvidt å stavre meg rundt i huset. Skal eg lengre av gårde må eg ha med krykker. I tillegg har eg vore fryktelig forkjølt og hosta meg gjennom nettene. I det heile tatt er det ikkje mykje med meg for tida, men no er det berre sju veker til termin og når ungen kjem ut reknar eg med at formen tar seg opp!

Men dagane fyller eg jammen likevel, sjølv om eg er sjukmeldt og sjelden ute av huset. Eg har kasta meg over eit nytt prosjekt som er akkurat passe utfordrande for meg på dette stadiet, det er jo viktig å halde dei små grå i ei viss aktivitet. Og når januar har passert, guten er fødd og me har vent oss til ny kvardag, då har eg tenkt å begynne å tenke på hagen igjen...

Legg ved eit bilde av haustblad som eg hadde tenkt å legge ut i oktober. Kom aldri så langt, og no er haustfargane stort sett vekke. Då får me heller mimre litt.

lørdag 21. november 2009

Godt reiskap er halve jobben

På tide med eit nytt innlegg no, men eg slit litt med tematikken og må innrømme at hagen slett ikkje er i fokus for tida. Då passar det bra å omtale I Gros hageblogg som har konkurranse i desse dagar! Gro driv nettbutikken I Gros Hage der eg har handla fleire gonger. Ho har blant anna levert yndlingsreiskapane mine, spade og greip frå Joseph Bentley. Det er rein fryd å jobbe med noko som ligg så godt i handa, og samtidig tar seg veldig godt ut! No har desse vore gjennom to sesongar med hard bruk her hos oss og er akkurat like beine og blanke. Eg har også denne vesle plantespaden frå Burgon & Ball, berre i lys grågrønt, og den elskar eg! Hvis eg ikkje kan finne den når eg skal plante blir det ikkje det same, den er heilt fantastisk i bruk og noko heilt anna enn stive plastreiskapar frå Fiskars og liknande. Eg ville ikkje vore foruten den. Og vakker er den også. Har visst ikkje bilde av den, det må rettast på, men eg postar likegodt bildet frå det gamle innlegget igjen:
Det er ikkje mykje graving på meg for tida, eg tilbringer mykje tid i sofaen med beina høgt og prøver å skue over den veksande magen. Og enno er det to månader igjen. Men i dag har veret ikkje vore så verst, og eg sat på ein stol i hagen og strikka ei heil stund mens veslepeonen lekte i sandkassa og mannen fiksa hønsegard. I hovudet planla eg alt som skal gjerast neste år, når eg skal vere heime i permisjon. Peonbed, gjøre ferdig steinbedet, opparbeide bergskarva framfor huset, utvide kjøkkenhagen, omrokering i staudebeda, plante pil, roser, frukttre. Og det var vel noko meir og, trur eg... Gjett om eg gler meg.