fredag 19. november 2010

Så er det vinter...





...og det er på tide med eit livsteikn. Det har vore stilt her lenge. Det har ikkje vore den mest inspirerande sommaren, kaldt og vått og breiflabb overalt. Ok, ikkje breiflabb kanskje, men storkjefta klauvdyr har her i alle fall vore. Hjortegjerdet har fungert fint, men det hjelper ikkje når naboen manglar nokre meter på si side og løyser problemet ved å spenne opp hyssing mellom nokre buskar. Så hjorten kom seg inn eit par gonger og fekk gjort litt skade i år også. Verst gjekk det utover fem nykjøpte frukttre som knapt hadde kome seg i jorda. Er det rart ein stakkar går litt hagelei?

Elles har me utvida hagen med eit halvt mål steinrøys, me har fått kjøpt den ubyggbare nabotomta for ein relativt billig penge. Der er det overgrodd med villnisspirea og parkslirekne, men eg trur me skal få skikk på det. Det blir mannen i huset sitt prosjekt, han og minsteguten skal vere heime heile våren og gjøre nybrottsarbeid. Han har planar om andedam, kaninoppdrett og drivhus der borte, bøkehekk mot skogen og frukttre i skråningen. Stakkars mann, han trudde han gifta seg med ei hagegal dame men no har eg visst mista gløden. Heldigvis er han i stand til å bere fakkelen åleine for tida, så får me satse på at eg kjem tilbake til det med tid og stunder. I mellomtida har eg tilbudt han å bli gjestebloggar på Blåbærhagen, kanskje han slår til på det? Eller kanskje eg blir flinkare sjølv framover, eg merkar no at det var fint å vere tilbake!
Og det er fleire grunner til at hagen ikkje har vore i fokus i sommar, eg har hatt det travelt med heilt andre ting. Ein liten nettbutikk har det blitt og eg har brukt mykje tid på å sette meg inn i det tekniske, leite opp leverandørar, fikse ditt og datt. No er den ferdig og eg er fornøyd! Så om du er ute etter miljøvennlege hobbyartiklar som metervare i økobomull eller resirkulerte papirvarer er dette staden å gå, og velkomen skal du vere.
Haustkrans av bjørkeris, snøbær, mispel og salvie, inspirert av Moseplassens instruksjonsvideo