mandag 10. januar 2011

Vår nye huskatt...

heiter Mons og kom til oss i sommar, liten og søt. No er han ein stor branne, tøff i snøen og ein racer på å klatre. Torsdag skal han til dyrlegen og bli frarøva noko av maskuliniteten sin men me satsar på at han vil fortsette å vere ein tøffing. Han er snill som dagen er lang og kjælen som få, og det var jo også derfor me ville ha ein katt til, ein som ungane kunne leke og kose med. Gamlekatta ligg stort sett og søv under ei seng når ho ikkje er ute i skogen og fangar mus, og det er ikkje mykje moro i det for ein treåring som så gjerne vil leke. Men Monsen, han er med. Og han finn seg i å bli kost med på underlige vis, og å bli "lagt" under fleire lag med dokketepper. Eit kupp, med andre ord! Også er han jo bra fin også, ikkje sant?