tirsdag 13. november 2012

Haustsalat frå kjøkkenhagen

Me har ikkje blogga mykje om kjøkkenhagen i år, men den har vore der. Ikkje stor, og ikkje særlig velstelt, men relativt produktiv. Neste vår skal eg virkelig sette inn støtet der, då skal eg ha permisjon og vere heime med minstemann som er venta i februar. Nettopp på grunn av denne minste er eg faktisk heime med sjukmelding no også, rygg- og hofteproblem gjer at dagane blir tilbrakt mykje i sofaen.

Men her om dagen halta eg meg ut til kjøkkenhagen for å dra opp eit par gulrøtter og plukke litt grønnkål, for å lage ein salat som me har ete mykje no i haust. Oppskrifta er basert på eit par ulike kjelder, men eg har etterkvart modifisert den såpass at eg kallar den min eigen og publiserar den her. Eg syns at det vanskeligste med kjøkkenhage er å faktisk bruke det du dyrkar, derfor skal forsettet for neste år vere å finne fram til gode oppskriftar som funkar i kvardagslivet, og samle dei her i bloggen. Dette er altså første:

Haustsalat med grønnkål, gulrot og eple


3 ss eplesidereddik
1-2 ss honning
1 ts sennep, f.eks. Dijonsennep
3 ss rapsolje
salt og pepper

6-7 store grønkålblad
2 eple (gjerne syrlege)
2-3 store gulrøtter

2 ss sesamfrø

Visp saman eddik, honning, sennep, olje, salt og pepper til ein dressing.

Finsnitt grønkålen og bland den i dressingen, la det gjerne stå og marinere ein times tid. 
Riv eple og gulrot og bland i. 

Rist sesamfrøa i ei varn, tørr steikepanne til dei er gyldne på farge, rør godt heile tida så dei ikkje blir svidd. Bland i salaten og server, gjerne til steikt fisk eller fiskekaker, då burde dette holde til ca 4 personar. Den held seg også godt i kjøleskapet til neste dag om det skulle bli rester.

Grønkål har godt av å stå og "trekke" ei stund i olje/eddikdressing synest eg, då blir den ikkje fullt så røff. Den er også veldig godt med noko søtt til grønnkål. Her er det honningen og epla som står for det søte, men det kan også vere godt med tørka frukt som rosiner eller aprikoser i ein grønkålsalat.





onsdag 24. oktober 2012

Glimt frå ein fin dag

Etter ein traurig og regntung september har me fått litt fint haustver no i oktober, og godt er det. Her er nokre glimt frå ein solfylt dag sist veke. 

Epletreet 'James Grieve' har fått lide under hjortetyranniet fleire år på rad og blitt beita godt ned. I fjor fekk det stå i fred etter at me sette opp to meter høgt gjerde mot skogen, og i år gav det stakkars vesle treet på knappe meteren åtte epler.



Kinasøten rakk å blomstre i år, det gjorde den ikkje i fjor. Den har lagt seg godt ut og dannar eit ubeskrivelig vakkert lite blomsterteppe i steinbedet, til glede for oss alle. Har du sett noko så blått?

Husets to minste på veg bort til hønsehuset med middagsrester - kanskje det finaste i hagen akkurat denne dagen. 

onsdag 12. september 2012

Haust i hagen

Hausten er definititvt her, dessverre er det ikkje lett å nyte den i hagen for her er så gudsjammerlig dårlig ver! Ein liten tur ut med kameraet mellom regnbygene fekk eg til her om dagen, og sjølv om totalbildet er ganske trist for tida så er det ein del fint å sjå inniellom.
Rudbeckia fulgida 'Goldsturm'

Lilje 'Purple Prince'?
To gjestar på sommarfuglbusken
Og ein til på kuletistelen, insekta er så treige no om dagen så det er lett å fange dei gjennom linsa

Valmuefrøkapslar

Dahlia 'La Recoleta'


Løvemunn


Og ein til løvemunn - 'Black Prince'

Blada på viftelønna har begynt å bli raude


Lilje 'Stargazer'


Og ringblomar i kjøkkenhagen. Denne trur eg faktisk skal få bli min kandidat i Moseplassen sin haustkonkurranse!



lørdag 4. august 2012

Nye muligheter

Denne sommaren blei visst ikkje heilt den hagesommaren me hadde tenkt her i Blåbærhagen. For i juni gjekk me plutselig hen og kjøpte eit lite, nedlagt småbruk. Det var slett ikkje planen, men når dette kom for salg kunne me rett og slett ikkje la det gå frå oss. Me har hatt ein laus plan om å flytte ut av byen om rundt fem år, og det er framleis det som er planen, men no står i alle fall det perfekte småbruket og ventar på oss! I mellomtida satsar me på å leige ut huset, og sommaren har blitt brukt til å sette det i stand. 

Det er eit typisk vestlandshus med sveitserstilinspirasjon, passe stort og veldig koselig. Jorda er på rundt 70 mål, mesteparten innmark, og det høyrer til eit lite sel på fjellet ein time eller to til fots frå huset. Ei nydeleg elv full av småaure renn rett ved huset, og me har både løe, garasje og skykkje (vedhus altså). 

Garden har ikkje vore drive på mange år, og det er vel heller ikkje nokon hage å snakke om. Det eg har funne av hageplanter er to gamle roser, ein kvit syrin, ein slags spirea, buskmure og småhjerte. Og så står det fire epletre borti lia de ser under her. Der har me planar om å plante ein heil frukthage, tre epletre er allereie kjøpt inn og meir skal det bli no når høstsalget snart er i gong. 
Det fine med å ha eit langt perspektiv på ting er at me kan plante tre og buskar no som vil ha vokse seg store og fine til me er klare til å flytte. Bøkehekk skal også på plass snart, kanskje til våren. 

Elles vil eg seie at hagen og tunet er fullt av potensiale,  her skal me verkeleg kunne slå oss laus både når det gjeld planter og husdyr. Det skal bli høns (sjølvsagt), kalkunar, gås og ender i elva, kanskje eit par sauer og i alle fall grisar! Jenta i huset har lagt inn ønske om kanin og marsvin og det skal ho sjølvsagt få ha. Bærbuskar i lange baner, kjøkkenhage og eit stort drivhus. Du verden så moro det skal bli!

Riktignok er det fjell på alle kantar og ingen sjøutsikt, men det er ikkje på nokon måte innestengt og sjøen er berre ein liten sykkeltur unna. Kort vei til slekta er det også, noko som allereie har vist seg å vere svært verdifullt både når det gjeld besteforeldre som kan passe ungane og nevenyttig far og onklar som kan hjelpe til og gi råd om alt mogleg og låne oss alt me treng av utstyr. I det heile tatt er me godt nøgde og gler oss storleg til livet på landet.

tirsdag 31. juli 2012

Sommarbukett

Ein fargerik bukett frå hagen med stikle, engnellik, vivendel, småhjerte, knautia, astrantia, alunrot, penstemon, og eit par svarte blad frå hyllen 'Black Lace'. Eit herlig kaos, litt sånn som hagen er for tida. På eit eller anna tidspunkt, vanlegvis i midten av juli, mister eg fullstendig kontroll og alt løper løpsk - på godt og vondt. Det får det berre gjøre, eg har tenkt og kose meg i hagen utan å stresse så får den heller berre vere vill og kaotisk. Det har sin sjarm, det også (seier eg høgt og tydeleg til meg sjølv).








søndag 29. juli 2012

Tørrmuring i våt sommer

Da huset vårt ble bygd på 1950 tallet laget man murer ved å støpe et tynt lag med sement utenfor tørrmur. Nå har tiden tært på muren og den har begynt å falle sakte, men sikkert sammen. Som en øvelse før den store muren startet jeg og en god hjelper på den minste delen av muren. Blomsterbedet bak muren har ventet på dette og har derfor blitt oversett i år i påvente av renoveringen. Dette er også en mye brukt sti når vi skal til hønsehuset så vi trenger en bedre vei.



mandag 23. juli 2012

Trøstebilder

Jaja, i går fekk me smake på det avisene kalte årets første hauststorm. Storm var det vel kanskje ikkje, men det var jaggu friskt i kasta! I dag ser hagen ut som ei slagmark, riddersporane som akkurat hadde sett i gong blomstringa er meia ned, og dei fine kvite fagerklokkene ligg langflate. Og sånn fortset det. Håpar veret tar seg opp litt no i den siste ferieveka, i mellomtida tar eg eit lite tilbakeblikk til litt blomstring før uværet var her. 
Iris chrysographes 'Rubella'

Iris sibirica 'Silver Edge'

Eryngium av noko slag, sådd av frø frå mor mi sin hage

Klassisk gamal oransje lilje, sto her i hagen då me kom

Verbascum phoenicium, fin sjølv om den har ein tendens til å legge seg flat for det minste vindpust

Primula alpicola, frøplanter fått av Mariann for eit par år tilbake. Fine sukkertøysfargar!

mandag 16. juli 2012

Flått på flått


I dag plukket jeg tre flåtter av katten og på to av flåttene var det to flåtter til. Det er en slags poetisk rettferdighet i slikt.

torsdag 12. juli 2012

Beskjæring av eple- og plommetrær

I noen kasser mot en solfylt vegg har jeg plantet et plommetre, et epletre og et kirsebærtre. Rett etter at jeg hadde plantet dem kom hjorten, men av denne trioen er det er kun kirsebærtreet som ikke har kommet seg etter opplevelsen. Vi har ikke hatt besøk av hjorten siden og ifjor vokste spesielt plommetreet bra. Dette er en "Opal" som er utrolig vital. Hensikten med beskjæringen er at den skal utvikle en vifteform mot den varme murveggen. Jeg begynte med å kutte hele treet ned rett over det som skulle bli hovedarmene. Nå skyter den greiner fra begge armene som så blir festet mot jerntråden. Nå om sommeren er det mye å følge med på. "Opal" vokser veldig mye så nye greiner kommer i løpet av få uker. Igjen må jeg innrømme at jeg har feilvurdert hvor stor plass den trenger, men med kraftig beskjæring tror jeg at jeg kan klare å holde den i sjakk.
Mot hjortegjerdet og skogen har jeg plantet et epletre, "Discovery", som skal espalieres. Ifjor kom de to første greinene på plass og i år venter jeg på den neste etasjen. På bildet kan en se at en av greinene er på plass, men den andre lar vente på seg. Dette treet har god nok plass heldigvis.
Ved siden av "Discovery" har jeg plantet et plommetre av sorten "Rivers Early Prolific". Ifjor vokste det helt utrolig, men i år har det stoppa opp. Det er grønt og fint, men skuddene blir ikke lengre. Dette skal også bli en vifte, men det har mye bedre plass enn Opalen som står mot veggen.
Den virkelig suksesshistorien i år er "Julyred"-epletreet jeg har plantet som et snortre. Det vil si at det er plantet i skrå vinkel. Beskjæringen her går ut på å ikke la skuddene bli for lange. Det blomstret flott i vår, men det kommer nok ingen epler. Til neste år derimot! 

                                                                  - Ove

onsdag 11. juli 2012

Øyenstikker


Desse har me ofte på besøk i hagen, men vanlegvis sit dei ikkje stille lenge nok til at det går an å ta bilde av dei. Denne derimot hadde verkeleg gått til ro på eit strå ein regnfull dag her forleden. Det er så vidt eg kan bedømme arten som rett og slett heiter brun øyenstikker (Aeshna grandis), lett å kjenne på dei gyldne vingane. Det er noko med øyenstikkarane, dei er så store og på eit eller anna vis forhistoriske at eg syns dei er eksotiske sjølv om dei slett ikkje er uvanlege.

mandag 2. juli 2012

Klipping og forming av drueplante

Beskjæring og forming av trær tar tid. Du skal være rimelig tålmodig for å drive på med det, men det kan bli ganske bra. Dette er de to drueplantene 'Hasansky Sladki', til venstre og 'Beta' til høyre, som vokser i solveggen hos oss. Mange druer tåler et ganske kaldt klima, hovedproblemet er at vekstsesongen i Norge blir for kort til at de rekker å sette frukt. Begge disse sortene skal være tilpasset korte sesonger. De har blitt klipt og formet siden de ble plantet for fire år siden. Planen er at en lar planten gro en sterk stamme som det vokser grener ut fra hver vår. Siden drueplanten vokser så raskt skal en klippe vekk de gamle greinene på vinteren. Når du klipper den så passer du på å la det være igjen en flott knopp som blir til den nye grenen. Er du forsiktig som meg lar du det være flere knopper så du har backup. Senere skal vi ta stiklinger av de greinene som vokste ut av reserveknoppene. 

I år har den ene planten nådd helt opp til slutten av rammen og nå kan den begynne å få frukt. "Beta" har av en eller annen grunn ikke vokst like bra. I år har jeg byttet ledeskudd så muligens vil det hjelpe.

Det største problemet med at ting tar tid er at det er lett å gjøre feilvurderinger. Med drueplanten er det avstanden mellom greinene som sannsynligvis er for liten. I tillegg er det ikke lurt å plante planter så tett opp i husveggen, da kan du få et problem når veggen skal males. Dessuten vet du aldri hvor røttene tar veien.

Det blir nok ingen druer på oss i år for ingen av plantene har blomstret, men vi krysser fingrene for neste år!

torsdag 28. juni 2012

Juniblomstring sånn heilt på tampen

Så var det jammen ikkje mange dagar igjen av juni heller. Dei går fort, desse månadene! I morgon er det siste arbeidsdag før eg tar ferie, det skal bli skjønt. Riktignok skal finvéret ta slutt og regnet kome tilbake, men det får eg heller leve med. Satsar på at det blir rikelig med hagetid likevel, før eller seinare. Enn så lenge kosar eg med det som er i gang no, endelig syns eg blomstringa er i full gang. 
Akeleie 'Ruby Port' - ein gammal favoritt. Fin mot den limegrøne Euphorbiaen i bakgrunnen!

Primula waltonii

Papaver 'Patty's Plum' - litt rar farge får ein vel seie, skittenlillarosa eller kanskje rett og slett brun? Eg syns i alle fall den er ganske fin sjølv om den nok egentlig skulle vore meir plommefarga.

Paeonia veitchii var. Woodwardii, fin saman med Sambucus 'Black Lace' og lilla Verbascum. Denne Verbascumen, det er vel phoeniceum, sjølvsår seg overalt i ulike nyansar av lilla, rosa og avogtil kvitt. Også ein favoritt.

Oransje orientvalmue. Denne har eg hatt eitpar år men den blomstrar for første gong no. Eg anar ikkje kor den kjem frå eller kva den heiter, og var heller ikkje forberedt på den intense oransjefargen. Men den passar heldigvis bra i dette bedet.  


Dicentra 'King of Hearts er ny i år og veldig søt.

Geranium phaeum album har eg sådd sjølv ein gong i tida, den er fin i skyggebedet saman med dei halvville bregnene. Snart opnar dei kvite martagonliljene som kan skimtast bak til venstre seg, då blir det litt av ein dans her!


tirsdag 26. juni 2012

Ein ukjent iris

For seks eller sju år sidan plukka eg med meg det som såg ut som ein liten irisrotbit frå komposthaugen i Muséhagen i Bergen. I år blomstrar den for første gong og eg er heilt blank på kva det er for noko. Bladverket er veldig smalt, og ikkje så stivt som hos ein del andre iris. Ganske grasaktig i grunnen. Blomen står ganske lavt på planta, som totalt er kanskje 30-40 cm høg. Blomen er jo veldig fin, synest eg, eg får vel ta meg ein runde i Muséhagen og sjå om eg finn ein lik ein med namneskilt.  













Ellers blomstrar også nokra andre iris, og mange står i knopp.
Også ukjent, lavt bladverk men blomestilken er ca 40-50 cm høg og blomen har "skjegg".




Iris chrysographes 'Black form'

Iris sibirica
Iris pseudacorus
Fleire irisar kan du sjå i Moseplassens irisutfordring!