onsdag 30. mai 2012

Ei lita overrasking

Oidå, fine dagar er lik mykje utetid og lite bloggetid, og plutselig er mai nesten forbi. Me styrer på i hagen, eg syns me går i gang med nytt anleggsarbeid kvar einaste vår - skal det aldri ta slutt? Eg har nesten tømt det første staudebedet eg anla her i hagen no, støttemuren på sida av det er i ferd med å rase ut og må murast opp på nytt. Den har sikkert holdt i mangfoldige år, kanskje sidan huset vart bygd på 50-talet? Men no var det slutt, og denne gamle betongmuren skal vike for ein natursteinsmur. Det blir nok fint. Men alle staudene måtte altså over i andre bed, deriblant ein Paeonia veitchii woodwardi. Men sjå kva eg fann under bladverket!
 Ein frisk og fin peonspire med både rot og topp - det betyr vel at den er to år? Før eg skjønte for ein liten skatt dette var hadde eg gravd opp morplanta slik at denne låg der heilt bar for jord, og eg syns den var så søt at kameraet måtte fram. Er den ikkje fin? Sidan blei den forsvarleg pakka ned i ei potte med god jord. No håpar eg berre at den ikkje fekk eit altfor stort sjokk og at den vil vokse vidare og bli stor og flott.

torsdag 17. mai 2012

Bøkehekk og funn fra en tvilsom fortid


Jeg har nå plantet de små bøkene jeg gravde opp i fjor. Utrolig nok har de fleste overlevd vinteren i kaldbenken og nå har vi faktisk så mange bøketrær at vi skal lage en hekk til! Det er mye forvirrende lesing rundt hvordan en skal plante en hekk, men tilslutt så endte jeg opp med tre på meteren. Eller det var det jeg prøvde å få til. Problemet med dette området er at det tydeligvis er helt og holdent bygd opp av stein. For hver eneste meter jeg gravde tok jeg opp masse stein, så jeg måtte fylle på med jord etterhvert for å ha noe å plante trærne i. Enkelte steder må hekken ta en sving fordi det lå for store steiner i veien. Men dette er detaljer når hekken blir to meter høy, da justeres slikt med saksen. 
Seks av bøketrærne grov jeg opp i år i en skog utenfor jobben.  De er av den vanlige grønnfargen, om en kan kalle noe så grønt vanlig. Knoppene er nettopp iferd med å åpne seg opp og med litt sol nå så eksploderer de snart.
De jeg grov opp i fjor er både blodbøker og blandinger av vanlig og blodbøk. Dette skal bli en fantastisk hekk!
Som gamle lesere vet finner vi mye morsomt i jorden og endel som ikke er fullt så morsomt.  I grøften jeg grov til hekken lå det mye greier. Det verste hittil er to polyesterbagger fulle av knuste spritflasker og i samme hull fant jeg de to potteskårene på bildet ovenfor. Huset vårt ble bygd i 1952 så det er tett nok på krigen til at det ikke er for rart, men likevel. Var det faktisk noen som brukte porselenet etter tyskerne? Vel var folk pragmatiske og kvaliteten på porselenet var utvilsomt bra, men likevel. Kanskje var dette en som kvittet seg både med alkoholproblemer og en tvilsom fortid?
Andre ting som har dukket opp i store mengder er patentkorker med Hansalogoen trykket på. Prismer fra en lysekrone er også med på å gjøre gravingen litt mer spennende.
                                                              - Ove

fredag 11. mai 2012

Glimt frå hagen

Neste år vil eg ha fleire tulipanar. Maihagen er litt fargeluas og kjedelig etter at alle vårens krokusar og scillaer er ferdige. For nokre år sidan satte eg ein del løkar av tulipanen 'Purissima', eg trur det kan ha vore 30 stk. Tre år seinare er det sikkert dobbelt så mange her, kanskje litt mindre men likefullt nydelige. Til hausten må eg leite opp fleire slike tulipanar som kjem igjen år etter år, med litt meir farge på. For dei lyser virkelig opp ute no!


Denne primulaen, 'McWatts Cream', har nøyaktig same farge som tulipanane og er minst like villig. Denne har eg sikkert hatt i 7-8 år, den har blitt delt fleire gonger og dannar fort store, frodige tuer. Til sommaren skal den delast igjen og plantast i ein litt meir halvvill setting under eit epletre i lag med snøklokker, narsisser og lungeurt. Målet er at det skal bli litt som dette på sikt. 


Den blå lungeurten blomstrar ufortrødent vidare, og er enno like fin. Snart får den selskap av ein lysegul ballblom og kvite dupper, det blir nok også fint!

Ruteliljene er ein absolutt favoritt. Eg vil ha mange, mange, men enn så lenge har eg berre desse to.  Forleden kom eg over denne akvarellen av Charles Rennie Mackintosh, rutelilja må jo vere den perfekte blomen for Art Nouveaustilen!

I går var det også tid for å plukke den tradisjonelle bursdagsbuketten til meg sjølv, i år lagde ein ein stor ein med masse bladverk sidan det ikkje var så mykje blomar å hente. Her er rognespirea, hegg, alperips, blomstrande blåbærlyng, villbringebær, raudhyll i knopp, billardspirea, storkonvall (som ikkje er heilt utsprungen enno), pinseliljer, ei enslig påskelilje og tulipanar. Til og med den forhatte platanlønnen viser seg å vere ganske fin i knopp, og fekk vere med som eit lite skulpturelt innslag.





fredag 4. mai 2012

Aksjon froskeegg

I skogområda rundt Blåbærhagen lever det ein heil del frosk. Heldigvis får ein seie, for eg trur nok dei er til god hjelp som skadedyrskontroll hos oss, me treffer dei ofte i hagen på fuktige kveldar når også sniglane er talrike. Eit par steinkast frå huset er det eit par dammar der dei pleier å legge egg. Skjønt myrhol er vel ei meir dekkande skildring, dei er nesten heilt gjengrodde. Ein vår tørka heile klumpen med froskeegg ut, det var jo reint hjerteskærande. I år trur eg me må gjøre alvor av snakket om å grave ut denne dammen, slik at det står meir vatn i den. 

Me har jo også ein bekk som renn gjennom hagen her. For tida har hønene fri tilgang til området rundt bekkefaret, dei har ein jobb å gjøre der med å rydde opp i villnisset. Dei er ivrige i tenesta, så ivrige at ein heil del pas som dei har rota opp har endt opp nede i bekkefaret og nærmast fungert som ei slags oppdemming. Resultatet er at det vesle vatnet som renn i bekken for tida nærmast har stoppa opp, og me har enno ikkje kome oss rundt til å ta opp igjen alt rasket.

Ein morgon viste det seg at froskane har blitt lurt av denne demninga, ein av dei hadde jammen vore nedi og lagt egg midt i bekken. Det er jo vel og bra, men ein bekk er ikkje staden for rumpetroll - dei ville snart blitt ført med straumen og hamna langt vekk. Det er tross alt ein grunn til at froskar egentlig legg egga sine i stille vatn. Så her måtte me trå til med ein aldri så liten redningsaksjon, på sjølvaste 1. mai. Egga skulle flyttast opp til ein av dammane i skogen, og rusta med ein stor bakebolle gjekk heile familien ned til bekken.

Eggklumpen stranda mellom kvist og kvast

Hønene er nyfikne og kjem trippande over brua si for sjå kva som er på ferde. Egga ligg nede i bekken.

Kva i alle dagar er det som foregår? Kan det vere noko godt oppi den der bollen?

Eg smetter bollen ned i vatnet og under egga

Dyrebar last på veg gjennom hagen og opp i skogen

Ein av dammane, inngjerda som seg hør og bør, og to små som følger nøye med oppi baljen

Ove tømmer egga forsiktig ut i dammen

Forsyne meg sit det ikkje ein frosk og kikkar på oss på kanten av dammen!

Me må ta ein nærmare kikk, og veslepionen slår straks fast at dette må vere mammaen til egga

Så må me undesøke status på egga i den andre dammen, det nærmar seg klekking her!

Den er ikkje stor, denne dammen. Satsar på jevnleg regnver slik at froskane lever opp, så skal me grave den ut litt til sommaren når den er på det tørraste.

torsdag 3. mai 2012

Ein liten, gul vårbukett


Ja, no er tida her, sesongen som me har lengta sånn etter, då ein kan gå rett ut i hagen og samle saman ein bunt blomar som ein liten smakebit på årstida. Her er våren, slik den ser ut i vinduskarmen i dag!
Primula McWatts Cream, Euonymus fortunei 'Emerald Gaiety' og Doronicum frå hagen, blåbærlyng og ein slags vier med gåsungar frå skogkanten.