lørdag 4. august 2012

Nye muligheter

Denne sommaren blei visst ikkje heilt den hagesommaren me hadde tenkt her i Blåbærhagen. For i juni gjekk me plutselig hen og kjøpte eit lite, nedlagt småbruk. Det var slett ikkje planen, men når dette kom for salg kunne me rett og slett ikkje la det gå frå oss. Me har hatt ein laus plan om å flytte ut av byen om rundt fem år, og det er framleis det som er planen, men no står i alle fall det perfekte småbruket og ventar på oss! I mellomtida satsar me på å leige ut huset, og sommaren har blitt brukt til å sette det i stand. 

Det er eit typisk vestlandshus med sveitserstilinspirasjon, passe stort og veldig koselig. Jorda er på rundt 70 mål, mesteparten innmark, og det høyrer til eit lite sel på fjellet ein time eller to til fots frå huset. Ei nydeleg elv full av småaure renn rett ved huset, og me har både løe, garasje og skykkje (vedhus altså). 

Garden har ikkje vore drive på mange år, og det er vel heller ikkje nokon hage å snakke om. Det eg har funne av hageplanter er to gamle roser, ein kvit syrin, ein slags spirea, buskmure og småhjerte. Og så står det fire epletre borti lia de ser under her. Der har me planar om å plante ein heil frukthage, tre epletre er allereie kjøpt inn og meir skal det bli no når høstsalget snart er i gong. 
Det fine med å ha eit langt perspektiv på ting er at me kan plante tre og buskar no som vil ha vokse seg store og fine til me er klare til å flytte. Bøkehekk skal også på plass snart, kanskje til våren. 

Elles vil eg seie at hagen og tunet er fullt av potensiale,  her skal me verkeleg kunne slå oss laus både når det gjeld planter og husdyr. Det skal bli høns (sjølvsagt), kalkunar, gås og ender i elva, kanskje eit par sauer og i alle fall grisar! Jenta i huset har lagt inn ønske om kanin og marsvin og det skal ho sjølvsagt få ha. Bærbuskar i lange baner, kjøkkenhage og eit stort drivhus. Du verden så moro det skal bli!

Riktignok er det fjell på alle kantar og ingen sjøutsikt, men det er ikkje på nokon måte innestengt og sjøen er berre ein liten sykkeltur unna. Kort vei til slekta er det også, noko som allereie har vist seg å vere svært verdifullt både når det gjeld besteforeldre som kan passe ungane og nevenyttig far og onklar som kan hjelpe til og gi råd om alt mogleg og låne oss alt me treng av utstyr. I det heile tatt er me godt nøgde og gler oss storleg til livet på landet.